Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 7:1-4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då sa Elisja: «Høyr Herrens ord! Så seier Herren: I morgon på denne tid ved byporten i Samaria skal ein sea fint mjøl seljast for ein sjekel og to sea byggmjøl seljast for ein sjekel.»

2. Men våpenberaren som kongen støtta seg til, tok til orde og sa til gudsmannen: «Om så Herren laga luker i himmelen, kunne ikkje slikt henda!» Elisja svara: «Du skal få sjå det med eigne auge, men du får ikkje eta av mjølet.»

3. No sat det ved byporten fire menn som leid av hudsjukdom. Dei sa til kvarandre: «Kvifor skal vi bli sitjande her til vi døyr?

4. Seier vi at vi vil gå inn i byen, kjem vi til å døy. For der er det hungersnaud. Blir vi sitjande her, kjem vi òg til å døy. Kom, no går vi over til leiren til aramearane! Lèt dei oss leva, bergar vi livet; og drep dei oss, må vi døy.»

Les hele kapitlet 2. Kongebok 7