Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 5:4-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Naaman gjekk til herren sin og fortalde han kva jenta frå Israel hadde sagt.

5. Då sa aramearkongen: «Dra du! Eg vil senda med deg eit brev til kongen i Israel.» Så drog han og tok med seg ti talentar sølv, seks tusen sjekel gull og ti klesskift.

6. Naaman leverte brevet til kongen i Israel. Der stod: «Når du får dette brevet, ser du at eg har sendt Naaman, tenaren min, til deg for at du skal fri han frå den hudsjukdomen han lid av.»

7. Då Israels-kongen hadde lese brevet, reiv han sund kleda sine og sa: «Er eg Gud så eg rår for liv og død, sidan han sender bod til meg og vil at eg skal fri ein mann frå hudsjukdomen hans? No kan de sjå og skjøna at han vil yppa strid med meg.»

8. Men då gudsmannen Elisja fekk høyra at kongen hadde rive sund kleda sine, sende han bod til han og sa: «Kvifor har du rive sund kleda dine? Lat mannen koma til meg, så skal han få sanna at det finst ein profet i Israel.»

9. Så kom då Naaman med hestar og vogner og stoppa ved døra til Elisjas hus.

10. Elisja sende ut ein mann for å seia: «Gå ned og vask deg sju gonger i Jordan! Så skal kroppen din bli frisk og du bli rein.»

11. Då vart Naaman sint og fór sin veg. Han sa: «Eg trudde han sjølv ville koma ut til meg, stå fram og kalla på Herren sin Guds namn, føra handa att og fram over den sjuke staden og fri meg frå sjukdomen.

12. Er ikkje Abana og Parpar, elvane ved Damaskus, like gode som alle vassdrag i Israel? Kunne eg ikkje lauga meg i dei og bli rein?» Så snudde han og fór bort i fullt sinne.

13. Men tenarane til Naaman kom og snakka med han. Dei sa: «Far, hadde profeten lagt på deg noko vanskeleg, ville du ikkje då ha gjort det? Kor mykje meir no, når han berre seier til deg at du skal vaska deg og bli rein!»

Les hele kapitlet 2. Kongebok 5