Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 5:2-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. På eit plyndringstokt hadde aramearane ein gong ført bort ei ung jente frå Israel som fange. No tente ho hos kona til Naaman.

3. Ein dag sa jenta til matmor si: «Om berre husbonden kunne koma til profeten i Samaria, skulle nok han fri han frå hudsjukdomen.»

4. Naaman gjekk til herren sin og fortalde han kva jenta frå Israel hadde sagt.

5. Då sa aramearkongen: «Dra du! Eg vil senda med deg eit brev til kongen i Israel.» Så drog han og tok med seg ti talentar sølv, seks tusen sjekel gull og ti klesskift.

6. Naaman leverte brevet til kongen i Israel. Der stod: «Når du får dette brevet, ser du at eg har sendt Naaman, tenaren min, til deg for at du skal fri han frå den hudsjukdomen han lid av.»

7. Då Israels-kongen hadde lese brevet, reiv han sund kleda sine og sa: «Er eg Gud så eg rår for liv og død, sidan han sender bod til meg og vil at eg skal fri ein mann frå hudsjukdomen hans? No kan de sjå og skjøna at han vil yppa strid med meg.»

Les hele kapitlet 2. Kongebok 5