Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 5:14-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Så gjekk Naaman ned til Jordan og dukka seg sju gonger i elva, som gudsmannen hadde sagt. Då vart kroppen hans frisk att som kroppen til ein liten gut, og han vart rein.

15. Så vende han attende til gudsmannen med heile følgjet sitt. Då han kom dit, gjekk han fram for profeten og sa: «No veit eg at det ikkje finst nokon Gud på heile jorda utan i Israel. Ta no imot ei gåve frå tenaren din!»

16. Men Elisja svara: «Så sant Herren lever, han som eg tener: Eg tek ikkje imot noko.» Naaman bad han inntrengjande om å ta imot, men han ville ikkje.

17. Då sa Naaman: «Når du ikkje vil, så lat tenaren din få så mykje mold som eit par muldyr kan bera. For eg vil aldri meir bera fram brennoffer og slaktoffer til andre gudar, berre til Herren.

18. Men ein ting må Herren tilgje meg: Når herren min, kongen, går inn i Rimmon-tempelet for å kasta seg ned og tilbe der og han stør seg på handa mi, så eg òg må kasta meg ned der i Rimmon-tempelet, då må Herren tilgje meg dette.»

19. Elisja svara: «Far i fred!»Då Naaman hadde gått frå han og var komen eit stykke på vegen,

20. sa Gehasi, som var tenestegut hos gudsmannen Elisja, til seg sjølv: «No har husbonden min spart denne aramearen Naaman og ikkje teke imot det han hadde med seg. Så sant Herren lever: Eg vil springa etter han og få noko av han.»

21. Dermed sette Gehasi av stad etter Naaman. Då Naaman såg at nokon kom springande etter han, hoppa han ned av vogna, gjekk imot han og spurde: «Er alt vel?»

22. «Alt er vel», svara Gehasi, «men herren min har sendt meg med dette bodet: To unge profetsveinar frå Efraim-fjella er nett komne til meg. Lat dei få ein talent sølv og eit par klesskift!»

23. Naaman svara: «Ver så snill å ta to talentar!» Han bad han inntrengjande og knytte to talentar sølv inn i to pungar. Så tok han to klesskift og gav til to av tenestegutane sine, som bar dei føre Gehasi.

24. Men då dei kom opp til byhøgda, tok han det frå dei og gøymde det i huset. Så lét han mennene fara, og dei drog.

25. Då Gehasi kom inn og gjekk bort til herren sin, sa Elisja til han: «Kvar kjem du frå, Gehasi?» «Eg har ikkje vore nokon stad», svara han.

26. Men profeten sa til han: «Trur du ikkje eg var der i ånda då ein mann snudde seg frå vogna og gjekk til møtes med deg? Har du no teke imot pengar og klede, oliventre og vinmarker, småfe og storfe, slavar og slavekvinner?

27. Hudsjukdomen til Naaman skal for alltid hanga ved deg og ætta di.» Då Gehasi gjekk bort frå han, var huda hans kvit som snø av sjukdomen.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 5