Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 5:13-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Men tenarane til Naaman kom og snakka med han. Dei sa: «Far, hadde profeten lagt på deg noko vanskeleg, ville du ikkje då ha gjort det? Kor mykje meir no, når han berre seier til deg at du skal vaska deg og bli rein!»

14. Så gjekk Naaman ned til Jordan og dukka seg sju gonger i elva, som gudsmannen hadde sagt. Då vart kroppen hans frisk att som kroppen til ein liten gut, og han vart rein.

15. Så vende han attende til gudsmannen med heile følgjet sitt. Då han kom dit, gjekk han fram for profeten og sa: «No veit eg at det ikkje finst nokon Gud på heile jorda utan i Israel. Ta no imot ei gåve frå tenaren din!»

16. Men Elisja svara: «Så sant Herren lever, han som eg tener: Eg tek ikkje imot noko.» Naaman bad han inntrengjande om å ta imot, men han ville ikkje.

17. Då sa Naaman: «Når du ikkje vil, så lat tenaren din få så mykje mold som eit par muldyr kan bera. For eg vil aldri meir bera fram brennoffer og slaktoffer til andre gudar, berre til Herren.

18. Men ein ting må Herren tilgje meg: Når herren min, kongen, går inn i Rimmon-tempelet for å kasta seg ned og tilbe der og han stør seg på handa mi, så eg òg må kasta meg ned der i Rimmon-tempelet, då må Herren tilgje meg dette.»

19. Elisja svara: «Far i fred!»Då Naaman hadde gått frå han og var komen eit stykke på vegen,

20. sa Gehasi, som var tenestegut hos gudsmannen Elisja, til seg sjølv: «No har husbonden min spart denne aramearen Naaman og ikkje teke imot det han hadde med seg. Så sant Herren lever: Eg vil springa etter han og få noko av han.»

Les hele kapitlet 2. Kongebok 5