Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 4:36-44 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

36. Elisja ropa på Gehasi og sa: «Rop på Sjunem-kvinna vår!» Han ropa på henne, og ho kom inn til han. Då sa profeten: «Ta guten din!»

37. Ho kom og kasta seg ned for føtene hans og bøygde seg med andletet mot jorda. Så tok ho guten sin og gjekk ut.

38. Elisja vende attende til Gilgal. På den tid var det hungersnaud i landet. Ein gong medan profetsveinane sat hos han, sa han til tenaren sin: «Set over den store gryta og kok mat til profetlæresveinane!»

39. Ein av dei gjekk då ut på marka for å sanka urter. Han fann nokre villranker og plukka kappa full av nye skot. Då han kom tilbake, skar han dei opp og hadde dei i gryta, utan at nokon visste om det.

40. Dei auste opp så mennene kunne få eta. Men då dei smaka på maten, skreik dei opp og ropa: «Det er død i gryta, gudsmann!» Og dei kunne ikkje eta det.

41. Då sa Elisja: «Hent litt mjøl!» Det hadde han opp i gryta og sa: «Aus no opp til folket, så dei får eta.» Då var det ikkje lenger noko skadeleg i gryta.

42. Ein dag kom det ein mann frå Baal-Sjalisja. Han hadde med seg brød til gudsmannen, tjue byggbrød som var baka av førstegrøda. Nyhausta korn hadde han òg i skreppa. Då sa Elisja: «Gjev det til folket så dei får eta.»

43. Men tenaren hans sa: «Korleis kan eg setja fram dette for hundre mann?» «Gjev det til folket så dei får eta», tok Elisja opp att. «For så seier Herren: Dei skal eta og få meir enn nok.»

44. Så sette han det fram for dei. Dei åt, og det vart meir enn nok, som Herren hadde sagt.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 4