Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 4:29-41 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

29. Då sa Elisja til Gehasi: «Spenn beltet om livet, ta staven min i handa og gå av stad! Møter du nokon på vegen, så helsa ikkje på han, og helsar nokon på deg, så svara han ikkje! Du skal leggja staven min over andletet til guten.»

30. Mor til guten sa: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg går ikkje frå deg!» Då stod profeten opp og følgde henne.

31. Gehasi fór føre dei og la staven over andletet til guten. Men det var ikkje ein lyd å høyra, ikkje eit livsteikn å sjå. Så gjekk han tilbake, og då han møtte Elisja, fortalde han at guten ikkje hadde vakna.

32. Då Elisja kom fram til huset, låg guten død i senga.

33. Han gjekk inn og stengde døra så han vart åleine med guten. Han bad til Herren,

34. og så steig han opp i senga og la seg over guten med munnen mot hans munn, auga mot hans auge og hendene mot hans hender. Då Elisja bøygde seg ned over han, vart kroppen til guten varm.

35. Elisja reiste seg opp att og gjekk ein gong att og fram i huset. Så steig han opp i senga att og bøygde seg over guten. Då naus guten sju gonger og slo auga opp.

36. Elisja ropa på Gehasi og sa: «Rop på Sjunem-kvinna vår!» Han ropa på henne, og ho kom inn til han. Då sa profeten: «Ta guten din!»

37. Ho kom og kasta seg ned for føtene hans og bøygde seg med andletet mot jorda. Så tok ho guten sin og gjekk ut.

38. Elisja vende attende til Gilgal. På den tid var det hungersnaud i landet. Ein gong medan profetsveinane sat hos han, sa han til tenaren sin: «Set over den store gryta og kok mat til profetlæresveinane!»

39. Ein av dei gjekk då ut på marka for å sanka urter. Han fann nokre villranker og plukka kappa full av nye skot. Då han kom tilbake, skar han dei opp og hadde dei i gryta, utan at nokon visste om det.

40. Dei auste opp så mennene kunne få eta. Men då dei smaka på maten, skreik dei opp og ropa: «Det er død i gryta, gudsmann!» Og dei kunne ikkje eta det.

41. Då sa Elisja: «Hent litt mjøl!» Det hadde han opp i gryta og sa: «Aus no opp til folket, så dei får eta.» Då var det ikkje lenger noko skadeleg i gryta.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 4