Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 4:23-37 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Han spurde: «Kvifor vil du fara dit i dag? Det er då verken nymånedag eller sabbat.» Ho svara: «Uroa deg ikkje!»

24. Så sala ho eselet og sa til tenesteguten: «Driv det av garde, og stopp meg ikkje medan eg rid, utan at eg bed deg om det.»

25. Så tok kvinna i veg og kom til gudsmannen på Karmel-fjellet. Då han såg henne langt borte, sa han til Gehasi, tenaren sin: «Sjå, der kjem kvinna frå Sjunem!

26. Spring straks til møtes med henne og sei: Står det bra til med deg og mannen din og guten?» «Ja, det står bra til», svara ho.

27. Då ho kom opp på fjellet til gudsmannen, tok ho om føtene hans. Gehasi gjekk fram og ville skuva henne bort. Men gudsmannen sa: «Lat henne vera! Ho ber ei bitter sorg, men Herren har løynt det for meg og har ikkje late meg få vita det.»

28. Kvinna sa: «Har eg bede deg om ein son, herre? Eg sa då at du ikkje måtte gje meg falske voner.»

29. Då sa Elisja til Gehasi: «Spenn beltet om livet, ta staven min i handa og gå av stad! Møter du nokon på vegen, så helsa ikkje på han, og helsar nokon på deg, så svara han ikkje! Du skal leggja staven min over andletet til guten.»

30. Mor til guten sa: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg går ikkje frå deg!» Då stod profeten opp og følgde henne.

31. Gehasi fór føre dei og la staven over andletet til guten. Men det var ikkje ein lyd å høyra, ikkje eit livsteikn å sjå. Så gjekk han tilbake, og då han møtte Elisja, fortalde han at guten ikkje hadde vakna.

32. Då Elisja kom fram til huset, låg guten død i senga.

33. Han gjekk inn og stengde døra så han vart åleine med guten. Han bad til Herren,

34. og så steig han opp i senga og la seg over guten med munnen mot hans munn, auga mot hans auge og hendene mot hans hender. Då Elisja bøygde seg ned over han, vart kroppen til guten varm.

35. Elisja reiste seg opp att og gjekk ein gong att og fram i huset. Så steig han opp i senga att og bøygde seg over guten. Då naus guten sju gonger og slo auga opp.

36. Elisja ropa på Gehasi og sa: «Rop på Sjunem-kvinna vår!» Han ropa på henne, og ho kom inn til han. Då sa profeten: «Ta guten din!»

37. Ho kom og kasta seg ned for føtene hans og bøygde seg med andletet mot jorda. Så tok ho guten sin og gjekk ut.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 4