Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 4:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ei kvinne som var enkje etter ein av profetlæresveinane, ropa ein gong til Elisja: «Tenaren din, som var mannen min, er død. Og du veit at tenaren din frykta Herren. Men no kjem ein som han skulda pengar, og vil ta begge sønene mine til slavar.»

2. Elisja sa til henne: «Kva kan eg gjera for deg? Sei meg kva du har i huset!» Ho svara: «Tenestekvinna di har ikkje anna i huset enn ei lita krukke med olje.»

3. Då sa han: «Gå til alle grannane dine og lån deg kar, så mange tomme kar som du kan få tak i.

4. Så skal du gå inn og stengja døra etter deg og sønene dine! Slå olje i alle desse kara, og set dei bort når dei er fulle!»

5. Kvinna gjekk frå han, og ho stengde døra etter seg og sønene sine. Dei gav henne kara, og ho slo i.

6. Då kara var fulle, sa ho til ein av sønene: «Lat meg få eit kar til!» Men han svara: «Her er ikkje fleire.» Då heldt oljen opp med å renna.

7. Ho gjekk og fortalde dette til gudsmannen. Han sa: «Gå av stad og sel oljen, og betal skulda di! Så kan du og sønene dine leva av det som blir att.»

8. Ein dag gjekk Elisja over til Sjunem. Der var det ei velståande kvinne som inntrengjande bad han om å eta hos seg. Og sidan tok han inn der og fekk seg mat kvar gong han fór forbi.

9. Ein gong sa ho til mannen sin: «Høyr her! Eg veit at han som støtt kjem innom oss, er ein heilag gudsmann.

10. Lat oss laga eit lite takkammer til han og setja inn ei seng, eit bord, ein stol og ein lysestake. Så kan han ta inn der når han kjem til oss.»

11. Ein dag profeten kom dit, tok han inn i takkammeret og la seg der.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 4