Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 3:7-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Så sende han bod til Juda-kongen Josjafat og sa: «Kongen i Moab har gjort opprør mot meg. Vil du gå i krig mot Moab saman med meg?» Han svara: «Ja, det vil eg; eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.»

8. «Kva veg skal vi ta?» spurde Joram. Josjafat svara: «Vegen gjennom øydemarka i Edom.»

9. Så drog kongane i Israel, Juda og Edom av stad. Men då dei hadde vore undervegs i sju dagar, fanst det ikkje vatn, korkje til hæren eller til dyra dei hadde med seg.

10. Då kom det frå Israels-kongen: «Herren har visst kalla desse tre kongane saman for å gje dei i hendene på moabittane!»

11. Men Josjafat sa: «Finst det ikkje ein Herrens profet her så vi kan spørja Herren til råds gjennom han?» Ein av mennene til Israels-kongen svara: «Her er Elisja, son til Sjafat, han som brukte å slå vatn over hendene til Elia.»

12. Josjafat sa: «Ja, hos han er Herrens ord.» Så gjekk han ned til profeten saman med kongane i Israel og Edom.

13. Elisja sa til Israels-kongen: «Kva har du og eg med kvarandre å gjera? Gå til profetane åt far din og mor di!» Men Israels-kongen svara: «Nei, det er Herren som har kalla desse tre kongane ut for å gje dei i hendene på moabittane.»

14. Då sa Elisja: «Så sant han lever, han som eg tener, Herren over hærskarane: Var det ikkje for Juda-kongen Josjafats skuld, ville eg ikkje ensa deg eller sjå på deg.

15. Men hent no ein som kan spela for meg!» Medan han spela, kom Herrens hand over Elisja.

16. Og han sa: «Så seier Herren: Grav grøft etter grøft i elveleiet her!

17. For så seier Herren: Utan at de ser vind eller regn, skal dette elveleiet fyllast med vatn. De skal få å drikka, både de og buskapen og dei andre dyra dykkar.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 3