Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 3:16-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Og han sa: «Så seier Herren: Grav grøft etter grøft i elveleiet her!

17. For så seier Herren: Utan at de ser vind eller regn, skal dette elveleiet fyllast med vatn. De skal få å drikka, både de og buskapen og dei andre dyra dykkar.

18. Men dette er lite i Herrens auge. Han vil òg gje moabittane i dykkar hender.

19. De skal ta kvar festningsby og kvar utvald by, hogga kvart frukttre og tetta kvar vasskjelde. Og alle gode jordstykke skal de øydeleggja med stein.»

20. Morgonen etter, på den tid grødeofferet blir bore fram, kom vatnet strøymande frå den kanten der Edom ligg, og landet vart fylt med vatn.

21. No fekk moabittane høyra at kongane var komne for å kjempa mot dei. Alle våpenføre menn, unge som gamle, vart kalla saman og tok stilling langs grensa.

22. Då moabittane stod opp tidleg neste morgon, skein sola på vatnet, og det såg ut for dei som vatnet var raudt av blod.

23. «Det er blod», ropa dei. «Kongane har kjempa med sverd og slege kvarandre i hel. Moabittar, no skal vi ta bytte!»

24. Men då dei kom til Israels leir, gjorde israelittane motstand og slo moabittane så dei flykta for dei. Israelittane trengde seg inn i Moab-landet medan dei heldt fram med å slå dei ned.

25. No reiv dei ned byane, og alle gode jordstykke dyngja dei ned med stein; for kvar mann kasta sin stein. Kvar vasskjelde tetta dei att, og kvart frukttre hogg dei ned. Til slutt stod berre murane att i Kir-Hareset, og slyngjekastarane omringa byen og gjekk til åtak på han.

26. Då kongen i Moab såg at striden vart for hard for han, tok han med seg sju hundre våpenføre menn og ville bryta igjennom og nå bort til Edom-kongen. Men det greidde dei ikkje.

27. Då tok kongen eldste son sin, som skulle bli konge etter han, og ofra han som brennoffer på bymuren. Og det kom så stor harme over israelittane at dei braut opp og vende attende til sitt eige land.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 3