Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 3:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. I det attande året Josjafat var konge i Juda, vart Joram, son til Ahab, konge i Israel. Joram styrte i Samaria i tolv år.

2. Joram gjorde det som vondt var i Herrens auge, men bar seg ikkje så ille åt som far og mor hans hadde gjort. Han tok bort den Baal-støtta som far hans hadde laga.

3. Men han heldt fast ved dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane med på. Dei vende han seg ikkje bort frå.

4. Mesja, kongen i Moab, dreiv med saueal. I skatt til Israels-kongen betalte han hundre tusen lam og ulla av hundre tusen vêrar.

5. Men då Ahab døydde, gjorde kongen i Moab opprør mot kongen i Israel.

6. Straks drog kong Joram ut frå Samaria og mønstra heile Israel.

7. Så sende han bod til Juda-kongen Josjafat og sa: «Kongen i Moab har gjort opprør mot meg. Vil du gå i krig mot Moab saman med meg?» Han svara: «Ja, det vil eg; eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.»

8. «Kva veg skal vi ta?» spurde Joram. Josjafat svara: «Vegen gjennom øydemarka i Edom.»

9. Så drog kongane i Israel, Juda og Edom av stad. Men då dei hadde vore undervegs i sju dagar, fanst det ikkje vatn, korkje til hæren eller til dyra dei hadde med seg.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 3