Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 25:22-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. Kong Nebukadnesar av Babel sette Gedalja, son til Ahikam, son til Sjafan, til å styra over den delen av folket som var att i Juda, dei som kongen hadde late vera att.

23. Då alle hærførarane og mennene deira fekk høyra at kongen hadde sett inn Gedalja, kom dei til han i Mispa: Ismael, son til Netanja, Johanan, son til Kareah, Seraja, son til Tanhumet frå Netofa, og Jaasanja, son til ein mann frå Maaka. Alle kom dei med mennene sine.

24. Gedalja gjorde eid til dei og mennene deira og sa: «Ver ikkje redde kaldearane! Ver i landet og ten kongen av Babel, så skal det gå dykk vel.»

25. Men i den sjuande månaden kom Ismael, son til Netanja, son til Elisjama, som høyrde kongsætta til, og han hadde med seg ti mann. Dei slo i hel Gedalja og dei judearane og kaldearane som var hos han i Mispa.

26. Då braut heile folket opp, både små og store, og hærførarane med dei. Dei drog til Egypt, for dei var redde kaldearane.

27. I det trettisjuande året etter at Juda-kongen Jojakin var bortført, den tjuesjuande dagen i den tolvte månaden i det året han sjølv vart konge, tok Babel-kongen Evil-Merodak Juda-kongen Jojakin til nåde og sette han fri frå fengselet.

28. Han snakka venleg med han og gav han den fremste plassen mellom dei andre kongane som var hos han i Babel.

29. Jojakin fekk leggja av fangedrakta, og han åt alltid ved kongens bord så lenge han levde.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 25