Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 25:14-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Dei tok oskefata og eldskuffene, lysesaksene og røykjelsesskålene og alt utstyr av bronse som hadde vore i bruk i gudstenesta.

15. Sjefen for livvakta tok òg med seg glopannene og offerskålene, alt som var av gull og sølv.

16. Dei to søylene, det eine havet og vognstativa som Salomo hadde laga til Herrens hus – alle desse tinga inneheldt så mykje bronse at dei ikkje kunne vegast.

17. Begge søylene var atten alner høge og hadde eit søylehovud av bronse som var tre alner høgt. Rundt om på søylehovudet var det slyngornament av granateple, alt saman av bronse.

18. Overhovudet over livvakta tok med seg øvstepresten Seraja, presten under han, Sefanja, og dei tre dørvaktarane.

19. Frå byen tok han med seg ein hoffmann som hadde tilsyn med krigarane, fem av kongens fremste tenestemenn som endå var i byen, dessutan skrivaren til hærføraren, han som skreiv ut folk i landet til krigsteneste, og seksti mann av folket som elles fanst i byen.

20. Alle desse tok Nebusaradan, sjefen for livvakta, med seg. Han førte dei til Babel-kongen i Ribla.

21. Og han slo dei i hel der, i Ribla i Hamat-landet. Slik vart folket i Juda ført bort frå landet sitt.

22. Kong Nebukadnesar av Babel sette Gedalja, son til Ahikam, son til Sjafan, til å styra over den delen av folket som var att i Juda, dei som kongen hadde late vera att.

23. Då alle hærførarane og mennene deira fekk høyra at kongen hadde sett inn Gedalja, kom dei til han i Mispa: Ismael, son til Netanja, Johanan, son til Kareah, Seraja, son til Tanhumet frå Netofa, og Jaasanja, son til ein mann frå Maaka. Alle kom dei med mennene sine.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 25