Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 24:3-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Det som hende med Juda, var heilt etter Herrens ord. Slik ville han støyta dei bort frå sitt andlet på grunn av alle dei syndene Manasse hadde gjort.

4. Han lét så mykje uskuldig blod renna at heile Jerusalem vart fylt med blod. Og det ville Herren ikkje tilgje.

5. Det som elles er å seia om Jojakim og alt det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.

6. Jojakim gjekk til kvile hos fedrane sine, og son hans, Jojakin, vart konge etter han.

7. Kongen i Egypt drog no ikkje ut frå landet sitt meir, for kongen av Babel hadde teke alt land som høyrde han til, frå Egyptarbekken til elva Eufrat.

8. Jojakin var atten år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader. Mor hans heitte Nehusjta og var dotter til Elnatan frå Jerusalem.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 24