Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 24:11-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Nebukadnesar kom sjølv til byen medan mennene hans heldt han kringsett.

12. Då gav Juda-kongen Jojakin seg over til kongen av Babel saman med mor si og tenarane sine, stormenn og hoffmenn. Og kongen av Babel tok han til fange i det åttande styringsåret sitt.

13. Nebukadnesar førte bort alle skattane i Herrens hus og i kongeborga og braut gullet av alt det utstyret som Israels konge Salomo hadde fått laga til Herrens tempel. Det gjekk som Herren hadde sagt.

14. Han førte bort alt folket i Jerusalem, alle stormennene og rikmennene, ti tusen fangar i alt, og alle handverkarane og smedane. Berre dei fattigaste i landet vart att.

15. Jojakin førte han i eksil til Babel. Mor til kongen og konene hans, hoffmennene og dei mektigaste mennene i landet vart òg bortførte frå Jerusalem til Babel.

16. Rikmennene, sju tusen i talet, handverkarane og smedane, eitt tusen i talet, som alle var øvde krigarar, vart førte i eksil til Babel av kongen der.

17. Kongen av Babel gjorde Mattanja, onkel til Jojakim, til konge etter han og endra namnet hans til Sidkia.

18. Sidkia var tjueein år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. Mor hans heitte Hamutal og var dotter til Jeremia frå Libna.

19. Sidkia gjorde det som vondt var i Herrens auge, i eitt og alt som Jojakim hadde gjort.

20. Fordi Herren var vreid på Jerusalem og Juda, gjekk det som det gjorde, og til sist kasta han dei bort frå sitt andlet.Sidkia gjorde opprør mot kongen av Babel.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 24