Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 23:8-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Så flytte Josjia alle prestane inn frå byane i Juda. Og offerhaugane der prestane tende offereld, gjorde han ureine, frå Geba til Beer-Sjeba. Han reiv òg heilagstadene ved byporten, som låg ved porten til bykommandanten Josva, til venstre når ein går inn gjennom byporten.

9. Dei som hadde vore prestar på offerhaugane, fekk ikkje bera fram offer på Herrens altar i Jerusalem. Men dei fekk eta usyra brød saman med brørne sine.

10. Også Tofet i Hinnom-dalen gjorde Josjia ureint. Ingen skulle la son sin eller dotter si gå gjennom elden for Molok.

11. Han fekk bort dei hestane som Juda-kongane hadde vigsla til sola; dei stod ved inngangen til Herrens hus, ved kammeret til hoffmannen Natan-Melek i føregarden. Solvognene òg brende han opp.

12. Kongen reiv ned altara på taket, takheilagdomen til Ahas, som Juda-kongane hadde reist, og dei altara som Manasse hadde bygd i begge føregardane til Herrens hus. Han slo dei sund og kasta støvet ut i Kedron-dalen.

13. Også offerhaugane som vende mot Jerusalem, på sørsida av Øydeleggingsberget, gjorde kongen ureine. Det var Salomo, Israels konge, som hadde bygd dei for Astarte, den motbydelege gudinna til folket i Sidon, for Kemosj, den motbydelege guden til Moab, og for Milkom, den avskyelege guden til ammonittane.

14. Josjia slo sund steinstøttene og hogg ned Asjera-pålane. Staden der dei hadde stått, fylte han med menneskeknoklar.

15. I Betel reiv han ned altaret og offerhaugen som Jeroboam, son til Nebat, hadde bygd, han som fekk Israel til å synda. Både altaret og haugen vart jamna med jorda. Så knuste han steinane til støv og brende Asjera-pålen.

16. Då Josjia snudde seg, fekk han auge på gravene som var der i fjellet. Han sende folk av stad for å ta knoklane ut av gravene. Han brende dei på altaret, og slik gjorde han altaret ureint. Såleis vart det oppfylt, det ordet frå Herren som gudsmannen ropa ut då han kunngjorde at dette skulle henda.

17. Så spurde kongen: «Kva er det for ein gravstein eg ser der borte?» Mennene i byen svara: «Det er grava til den gudsmannen som kom frå Juda og varsla det som du no har gjort med altaret her i Betel.»

18. Då sa kongen: «Lat han kvila i fred! Ingen må flytta knoklane hans.» Dei lèt knoklane hans liggja urørte, og like eins knoklane til profeten som var komen frå Samaria.

19. I byane i Samaria fjerna Josjia alle heilagdomane på offerhaugane, dei som kongane i Israel hadde bygd og slik gjort Herren rasande. Han gjorde med dei i eitt og alt slik han hadde gjort i Betel.

20. På altara slakta han alle prestane som var på offerhaugane der, og han brende menneskeknoklar. Så vende han heim att til Jerusalem.

21. Kongen gav heile folket dette bodet: «Hald påske for Herren dykkar Gud slik det står skrive i denne paktboka.»

22. For ei slik påskehelg hadde ikkje vorte halden sidan den tid då dommarane styrte i Israel, ikkje så lenge det hadde vore kongar i Israel og Juda.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 23