Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 23:5-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Josjia avsette dei avgudsprestane som Juda-kongane hadde sett inn, dei som tende offereld på haugane i Juda-byane og rundt ikring Jerusalem, og dei som tende offereld for Baal, for sola og månen, for stjernebileta og heile himmelhæren.

6. Asjera-pålen tok han frå Herrens hus og førte han ut frå Jerusalem, til Kedron-dalen. Der brende han pålen til oske, og oska strødde han på gravplassen til folket.

7. Han reiv ned kammera til dei tempelprostituerte mennene som heldt til i Herrens hus, og staden der kvinnene vov klede til Asjera.

8. Så flytte Josjia alle prestane inn frå byane i Juda. Og offerhaugane der prestane tende offereld, gjorde han ureine, frå Geba til Beer-Sjeba. Han reiv òg heilagstadene ved byporten, som låg ved porten til bykommandanten Josva, til venstre når ein går inn gjennom byporten.

9. Dei som hadde vore prestar på offerhaugane, fekk ikkje bera fram offer på Herrens altar i Jerusalem. Men dei fekk eta usyra brød saman med brørne sine.

10. Også Tofet i Hinnom-dalen gjorde Josjia ureint. Ingen skulle la son sin eller dotter si gå gjennom elden for Molok.

11. Han fekk bort dei hestane som Juda-kongane hadde vigsla til sola; dei stod ved inngangen til Herrens hus, ved kammeret til hoffmannen Natan-Melek i føregarden. Solvognene òg brende han opp.

12. Kongen reiv ned altara på taket, takheilagdomen til Ahas, som Juda-kongane hadde reist, og dei altara som Manasse hadde bygd i begge føregardane til Herrens hus. Han slo dei sund og kasta støvet ut i Kedron-dalen.

13. Også offerhaugane som vende mot Jerusalem, på sørsida av Øydeleggingsberget, gjorde kongen ureine. Det var Salomo, Israels konge, som hadde bygd dei for Astarte, den motbydelege gudinna til folket i Sidon, for Kemosj, den motbydelege guden til Moab, og for Milkom, den avskyelege guden til ammonittane.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 23