Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 23:26-37 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. Likevel trekte ikkje Herren attende sin veldige og glødande vreide som hadde flamma opp mot Juda fordi Manasse gjorde Gud rasande gong på gong.

27. Herren sa: «Juda vil eg òg driva bort frå mitt andlet, slik eg dreiv Israel bort. Eg vil vraka Jerusalem, denne byen eg valde ut, og det tempelet der eg har sagt at namnet mitt skal bu.»

28. Det som elles er å seia om Josjia og alt det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.

29. I Josjias dagar drog farao Neko, kongen i Egypt, opp mot assyrarkongen og rykte fram til elva Eufrat. Kong Josjia drog ut imot han, men farao Neko drap han ved Megiddo med det same han fekk sjå han.

30. Mennene til Josjia køyrde den døde kongen bort frå Megiddo. Dei førte han til Jerusalem og gravla han der. Folket i landet tok Joahas, son til Josjia, salva han og gjorde han til konge etter faren.

31. Joahas var tjuetre år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader. Mor hans heitte Hamutal og var dotter til Jeremia frå Libna.

32. Joahas gjorde det som vondt var i Herrens auge, heilt og fullt slik fedrane hans hadde gjort.

33. Farao Neko tok han til fange i Ribla i Hamat-landet så han ikkje kunne styra i Jerusalem lenger. Og av landet kravde han ei bot på hundre talentar sølv og ein talent gull.

34. Så sette farao Neko Eljakim, son til Josjia, til konge etter faren og endra namnet hans til Jojakim. Joahas tok han med seg til Egypt, og der døydde han.

35. Jojakim betalte sølvet og gullet til farao. Men han laut leggja ein skatt på landet for å betala den summen farao kravde. Han dreiv inn sølvet og gullet hos folket i landet etter som kvar var ilikna, og gav det til farao Neko.

36. Jojakim var tjuefem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. Mor hans heitte Sebuda og var dotter til Pedaja frå Ruma.

37. Jojakim gjorde det som vondt var i Herrens auge, i eitt og alt slik fedrane hans hadde gjort.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 23