Sidan gjekk han opp til Herrens hus, og alle judearane og alle som budde i Jerusalem – prestane og profetane, heile folket, både små og store – følgde han. Han las opp for dei alt det som stod skrive i paktboka som var funnen i Herrens hus.