Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 23:19-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. I byane i Samaria fjerna Josjia alle heilagdomane på offerhaugane, dei som kongane i Israel hadde bygd og slik gjort Herren rasande. Han gjorde med dei i eitt og alt slik han hadde gjort i Betel.

20. På altara slakta han alle prestane som var på offerhaugane der, og han brende menneskeknoklar. Så vende han heim att til Jerusalem.

21. Kongen gav heile folket dette bodet: «Hald påske for Herren dykkar Gud slik det står skrive i denne paktboka.»

22. For ei slik påskehelg hadde ikkje vorte halden sidan den tid då dommarane styrte i Israel, ikkje så lenge det hadde vore kongar i Israel og Juda.

23. Det var først i det attande styringsåret til Josjia at dei heldt denne påskehelga for Herren i Jerusalem.

24. Josjia utrydda åndemanarane og spåmennene, terafane og avgudane og alle ufyselege gudebilete som var å sjå i Juda og Jerusalem. Slik ville han halda lovboda som stod skrivne i den bokrullen presten Hilkia hadde funne i Herrens hus.

25. Det hadde aldri før vore nokon konge som Josjia. Ingen hadde på den måten vendt om til Herren av heile sitt hjarte og heile si sjel og av all si makt, heilt som Moselova krev. Og heller ikkje seinare stod det fram nokon konge som han.

26. Likevel trekte ikkje Herren attende sin veldige og glødande vreide som hadde flamma opp mot Juda fordi Manasse gjorde Gud rasande gong på gong.

27. Herren sa: «Juda vil eg òg driva bort frå mitt andlet, slik eg dreiv Israel bort. Eg vil vraka Jerusalem, denne byen eg valde ut, og det tempelet der eg har sagt at namnet mitt skal bu.»

28. Det som elles er å seia om Josjia og alt det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.

29. I Josjias dagar drog farao Neko, kongen i Egypt, opp mot assyrarkongen og rykte fram til elva Eufrat. Kong Josjia drog ut imot han, men farao Neko drap han ved Megiddo med det same han fekk sjå han.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 23