Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 23:16-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Då Josjia snudde seg, fekk han auge på gravene som var der i fjellet. Han sende folk av stad for å ta knoklane ut av gravene. Han brende dei på altaret, og slik gjorde han altaret ureint. Såleis vart det oppfylt, det ordet frå Herren som gudsmannen ropa ut då han kunngjorde at dette skulle henda.

17. Så spurde kongen: «Kva er det for ein gravstein eg ser der borte?» Mennene i byen svara: «Det er grava til den gudsmannen som kom frå Juda og varsla det som du no har gjort med altaret her i Betel.»

18. Då sa kongen: «Lat han kvila i fred! Ingen må flytta knoklane hans.» Dei lèt knoklane hans liggja urørte, og like eins knoklane til profeten som var komen frå Samaria.

19. I byane i Samaria fjerna Josjia alle heilagdomane på offerhaugane, dei som kongane i Israel hadde bygd og slik gjort Herren rasande. Han gjorde med dei i eitt og alt slik han hadde gjort i Betel.

20. På altara slakta han alle prestane som var på offerhaugane der, og han brende menneskeknoklar. Så vende han heim att til Jerusalem.

21. Kongen gav heile folket dette bodet: «Hald påske for Herren dykkar Gud slik det står skrive i denne paktboka.»

22. For ei slik påskehelg hadde ikkje vorte halden sidan den tid då dommarane styrte i Israel, ikkje så lenge det hadde vore kongar i Israel og Juda.

23. Det var først i det attande styringsåret til Josjia at dei heldt denne påskehelga for Herren i Jerusalem.

24. Josjia utrydda åndemanarane og spåmennene, terafane og avgudane og alle ufyselege gudebilete som var å sjå i Juda og Jerusalem. Slik ville han halda lovboda som stod skrivne i den bokrullen presten Hilkia hadde funne i Herrens hus.

25. Det hadde aldri før vore nokon konge som Josjia. Ingen hadde på den måten vendt om til Herren av heile sitt hjarte og heile si sjel og av all si makt, heilt som Moselova krev. Og heller ikkje seinare stod det fram nokon konge som han.

26. Likevel trekte ikkje Herren attende sin veldige og glødande vreide som hadde flamma opp mot Juda fordi Manasse gjorde Gud rasande gong på gong.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 23