Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 22:2-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Josjia gjorde det som rett var i Herrens auge. Han følgde i eitt og alt den same vegen som David, stamfar hans, og bøygde ikkje av, korkje til høgre eller venstre.

3. I det attande styringsåret sende kong Josjia riksskrivaren Sjafan, son til Asalja, son til Mesjullam, til Herrens hus. Han sa:

4. «Gå til øvstepresten Hilkia og bed han telja opp dei pengane som er komne inn til Herrens hus, dei som dørvaktarane har samla inn hos folket.

5. Han skal gje pengane til arbeidsleiarane som har tilsyn med Herrens hus. Og dei skal gje dei vidare til handverkarane som arbeider i Herrens hus og reparerer skadane der,

6. og til tømrarane, bygningsmennene og murarane. Pengane skal òg brukast til å kjøpa inn tømmer og hoggen stein, så tempelet kan setjast i stand.

7. Men ingen skal føra kontroll med dei pengane som er tiltrudde dei; for dei fer ærleg fram.»

8. Då sa øvstepresten Hilkia til riksskrivaren Sjafan: «Eg har funne ein bokrull med lova i Herrens hus.» Hilkia gav bokrullen til Sjafan, som las han.

9. Riksskrivaren Sjafan gjekk tilbake til kongen og melde: «Tenarane dine har tømt ut dei pengane som fanst i tempelet, og gjeve dei til arbeidsleiarane som har tilsyn med Herrens hus.»

10. Så fortalde han kongen at presten Hilkia hadde gjeve han ein bokrull. Og han las opp frå han for kongen.

11. Då Josjia høyrde det som stod i bokrullen, reiv han sund kleda sine.

12. Så gav han dette bodet til presten Hilkia og til Ahikam, son til Sjafan, Akbor, son til Mika, riksskrivaren Sjafan og kongsmannen Asaja:

13. «Gå og søk råd hos Herren for meg og for folket og heile Juda om det som står i denne bokrullen som er funnen. For stor er Herrens harme som har flamma opp mot oss fordi fedrane våre ikkje høyrde på det som står i denne bokrullen, og ikkje gjorde alt det som er oss føreskrive.»

14. Då gjekk presten Hilkia saman med Ahikam, Akbor, Sjafan og Asaja til profetkvinna Hulda, som var gift med Sjallum, son til Tikva, son til Harhas, han som hadde tilsyn med kleskammeret. Hulda budde i den nye bydelen i Jerusalem. Dei la saka fram for henne,

Les hele kapitlet 2. Kongebok 22