Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 22:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Josjia var åtte år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i trettiein år. Mor hans heitte Jedida og var dotter til Adaja frå Boskat.

2. Josjia gjorde det som rett var i Herrens auge. Han følgde i eitt og alt den same vegen som David, stamfar hans, og bøygde ikkje av, korkje til høgre eller venstre.

3. I det attande styringsåret sende kong Josjia riksskrivaren Sjafan, son til Asalja, son til Mesjullam, til Herrens hus. Han sa:

4. «Gå til øvstepresten Hilkia og bed han telja opp dei pengane som er komne inn til Herrens hus, dei som dørvaktarane har samla inn hos folket.

5. Han skal gje pengane til arbeidsleiarane som har tilsyn med Herrens hus. Og dei skal gje dei vidare til handverkarane som arbeider i Herrens hus og reparerer skadane der,

6. og til tømrarane, bygningsmennene og murarane. Pengane skal òg brukast til å kjøpa inn tømmer og hoggen stein, så tempelet kan setjast i stand.

7. Men ingen skal føra kontroll med dei pengane som er tiltrudde dei; for dei fer ærleg fram.»

8. Då sa øvstepresten Hilkia til riksskrivaren Sjafan: «Eg har funne ein bokrull med lova i Herrens hus.» Hilkia gav bokrullen til Sjafan, som las han.

9. Riksskrivaren Sjafan gjekk tilbake til kongen og melde: «Tenarane dine har tømt ut dei pengane som fanst i tempelet, og gjeve dei til arbeidsleiarane som har tilsyn med Herrens hus.»

10. Så fortalde han kongen at presten Hilkia hadde gjeve han ein bokrull. Og han las opp frå han for kongen.

11. Då Josjia høyrde det som stod i bokrullen, reiv han sund kleda sine.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 22