Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 21:6-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Manasse lét son sin gå gjennom elden. Han dreiv med teikntyding og spådomskunster og fekk seg åndemanarar og spåmenn. Han gjorde mykje som var vondt i Herrens auge, og gjorde han rasande.

7. Asjera-skulpturen som Manasse fekk laga, sette han i tempelet, sjølv om Herren hadde sagt til David og Salomo, son hans: «I dette tempelet og i Jerusalem, som eg har valt ut mellom alle Israel-stammane, vil eg la namnet mitt bu til evig tid.

8. Og eg vil aldri meir la Israel vandra heimlaus, langt bort frå landet eg gav fedrane deira, så sant dei legg vinn på å gjera alt det eg har sagt dei, og lever etter den lova som Moses, tenaren min, gav dei.»

9. Men dei ville ikkje høyra, og Manasse førte dei vill, så dei gjorde endå meir vondt enn dei folkeslaga som Herren hadde rydda ut for israelittane.

10. Då tala Herren gjennom tenarane sine, profetane, og sa:

11. Fordi Juda-kongen Manasse har gjort desse stygge gjerningane, har han i eitt og alt handla verre enn amorittane før han. Med si avgudsdyrking har han òg leidd judearane til synd.

12. Difor seier Herren, Israels Gud: No fører eg ulukke over Jerusalem og Juda så det skal ringja for øyra på kvar den som høyrer om det.

13. Eg vil spenna ut same målesnora over Jerusalem som over Samaria og bruka same vektloddet som mot Ahabs hus. Eg vil tørka Jerusalem bort som når ein tørkar av eit fat og snur det opp ned.

14. Eg forkastar den siste rest av folket mitt. Eg gjev dei over i hendene på fiendane deira, så dei alle kan røva og plyndra dei.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 21