Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 20:13-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Hiskia vart glad då sendeboda kom. Han viste dei heile huset der han hadde skattane sine, sølvet og gullet, parfymen og den finaste oljen, våpenhuset og alt som fanst i skattkammera hans. Det var ikkje den ting i heile hans slott og rike som Hiskia ikkje viste dei.

14. Då kom profeten Jesaja til kong Hiskia og spurde han: «Kva sa desse mennene, og kvar kom dei frå?» «Dei kom frå eit land langt borte», svara Hiskia, «frå Babel.»

15. «Kva fekk dei sjå i slottet ditt?» spurde profeten. Hiskia svara: «Alt det som finst i slottet mitt, fekk dei sjå. Det var ikkje den ting i skattkammera mine som eg ikkje viste dei.»

16. Då sa Jesaja til Hiskia: «Høyr Herrens ord!

17. Sjå, dagar skal koma då alt som er i slottet ditt, det som fedrane dine har samla til denne dag, skal førast bort til Babel. Ingen ting skal bli att, seier Herren.

18. Dei skal ta nokre av sønene dine, av dei som stammar frå deg, og som du er opphav til, og gjera dei til hoffmenn i slottet til kongen av Babel.»

19. Då sa Hiskia til Jesaja: «Godt er det ordet frå Herren som du har tala.» Han sa til seg sjølv: «Freden er nok trygg så lenge eg lever.»

20. Det som elles er å seia om Hiskia og alle dei storverk han gjorde, korleis han laga dammen og tunnelen og leidde vatnet inn i byen, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.

21. Hiskia gjekk til kvile hos fedrane sine, og son hans, Manasse, vart konge etter han.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 20