Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 20:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. På den tida vart kong Hiskia så sjuk at det stod om livet. Då kom profeten Jesaja, son til Amos, til han og sa: «Så seier Herren: Få orden på ditt hus, for du skal døy og ikkje leva lenger.»

2. Då vende Hiskia andletet mot veggen og bad til Herren.

3. «Å, Herre», sa han, «hugs at eg har vandra i sanning og med heilt hjarte for ditt andlet og gjort det som er godt i dine auge.» Og Hiskia gret høgt.

4. Jesaja var endå ikkje komen ut av den midtre borggarden før Herrens ord kom til han igjen:

5. «Gå tilbake og sei til Hiskia, fyrsten over folket mitt: Så seier Herren, Gud åt David, stamfar din: Eg har høyrt di bøn og sett tårene dine. No gjer eg deg frisk att. Om to dagar kan du gå opp til Herrens hus.

6. Eg legg endå femten år til levedagane dine. Eg skal berga deg og denne byen frå handa til assyrarkongen. Og eg vil verna denne byen for mi eiga skuld og for min tenar Davids skuld.»

7. Så sa Jesaja: «Hent ei fikenkake!» Dei gjorde det, og då dei la fikenkaka på det verkjande såret, friskna kongen til.

8. Hiskia spurde Jesaja: «Kva skal eg ha til teikn på at Herren vil gjera meg frisk att, så eg om to dagar kan gå opp til Herrens hus?»

9. Jesaja svara: «Dette skal du ha til teikn frå Herren på at han vil halda det han har lova: Skal skuggen på soluret gå ti strekar fram eller ti strekar tilbake?»

10. Hiskia sa: «Det er lett for skuggen å strekkja seg ti strekar fram. Nei, skuggen skal gå ti strekar tilbake!»

11. Då ropa profeten Jesaja til Herren, og han lét skuggen på soluret til Ahas gå ti strekar tilbake, like langt som han før hadde gått fram.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 20