Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 2:16-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Så sa dei: «Det er femti sterke menn her hos tenarane dine. Lat dei gå av stad og leita etter meisteren din! Kanskje Herrens ande har lyft han opp og sleppt han ned på eit av fjella eller i ein dal.» Han svara: «De skal ikkje senda nokon.»

17. Men dei trygla og bad han heilt til han gav etter og sa: «Så send dei ut!» Så sende dei ut femti mann som leita etter Elia i tre dagar, men dei fann han ikkje.

18. Dei kom tilbake til Elisja, som hadde vorte verande i Jeriko. Og han sa til dei: «Var det ikkje det eg sa, at de ikkje skulle gå?»

19. Mennene i Jeriko sa til Elisja: «Som du ser, herre, ligg byen fint til. Men vatnet er dårleg, og jorda gjev ikkje grøde.»

20. Då sa han: «Hent eit nytt fat til meg og ha salt oppi det!» Dei gjorde det.

21. Og så gjekk han ut til den staden der vatnet strøymde fram, kasta salt nedi og sa: «Så seier Herren: No gjer eg dette vatnet friskt. Det skal aldri meir valda død eller øydeleggja avling.»

22. Sidan har vatnet vore friskt, heilt til denne dag. Det gjekk som Elisja hadde sagt.

23. Frå Jeriko drog profeten opp til Betel. Medan han var på vegen, kom nokre smågutar ut av byen. Dei gjorde narr av han og ropa: «Kom deg vekk, din snauskalle! Kom deg vekk, din snauskalle!»

24. Då han snudde seg og fekk sjå dei, forbanna han dei i Herrens namn. Og to bjørnar kom ut or skogen og reiv i hel førtito av borna.

25. Frå Betel drog Elisja til Karmelfjellet, og så vende han attende til Samaria.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 2