Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 2:12-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Då Elisja såg dette, ropa han: «Min far, min far! Israels vogner og ryttarar!» Då han ikkje kunne sjå han lenger, tok han tak i kleda sine og reiv dei i to stykke.

13. Så tok han opp kappa til Elia, som hadde falle av han. Han gjekk tilbake og stilte seg ved bredda av Jordan.

14. Der tok han kappa som hadde falle av Elia, slo på vatnet og sa: «Kvar er Herren, Elias Gud?» Elisja slo òg på vatnet så det skilde seg, og han gjekk over.

15. Profetlæresveinane frå Jeriko som stod midt imot han, såg dette og sa: «Ånda til Elia kviler over Elisja.» Og dei kom imot han og kasta seg til jorda for han.

16. Så sa dei: «Det er femti sterke menn her hos tenarane dine. Lat dei gå av stad og leita etter meisteren din! Kanskje Herrens ande har lyft han opp og sleppt han ned på eit av fjella eller i ein dal.» Han svara: «De skal ikkje senda nokon.»

17. Men dei trygla og bad han heilt til han gav etter og sa: «Så send dei ut!» Så sende dei ut femti mann som leita etter Elia i tre dagar, men dei fann han ikkje.

18. Dei kom tilbake til Elisja, som hadde vorte verande i Jeriko. Og han sa til dei: «Var det ikkje det eg sa, at de ikkje skulle gå?»

Les hele kapitlet 2. Kongebok 2