Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 2:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Den gongen Herren tok Elia opp til himmelen i ein storm, gjekk det slik til: Elia og Elisja gjekk saman ut frå Gilgal.

2. Elia sa til Elisja: «Ver her! For Herren sender meg til Betel.» Men Elisja svara: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.» Så gjekk dei ned til Betel.

3. Profetlæresveinane i Betel kom ut til Elisja og sa til han: «Veit du at Herren i dag vil ta meisteren din bort over hovudet på deg?» Han svara: «Ja, eg veit òg det. Tei berre stilt!»

4. Så sa Elia til han: «Ver her, Elisja! For Herren sender meg til Jeriko.» Han svara: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.» Så gjekk dei til Jeriko.

5. Profetlæresveinane der i byen kom bort til Elisja og sa til han: «Veit du at Herren i dag vil ta meisteren din bort beint over hovudet på deg?» Han svara: «Ja, eg veit det. Tei berre stilt!»

6. No sa Elia til han: «Ver her! For Herren sender meg til Jordan.» Elisja svara: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.» Så gjekk dei vidare saman.

7. Femti av profetlæresveinane følgde etter dei. Dei vart ståande midt imot Elia og Elisja langt borte, medan dei to stilte seg opp ved Jordan.

8. Elia tok kappa si, rulla henne saman og slo på vatnet. Då skilde vatnet seg, og begge gjekk over på tørre botnen.

9. Medan dei gjekk over, sa Elia til Elisja: «Sei meg, kva kan eg gjera for deg før eg blir teken frå deg?» Elisja sa: «Lat meg få ånda di i dobbelt mål!»

10. Elia svara: «Det er vanskeleg, det du ber om. Men ser du meg når eg blir teken frå deg, skal du få det, elles ikkje.»

11. Medan dei gjekk der og snakka saman, kom det brått ei eldvogn med eldhestar føre og skilde dei frå kvarandre. Og Elia fór opp til himmelen i stormen.

12. Då Elisja såg dette, ropa han: «Min far, min far! Israels vogner og ryttarar!» Då han ikkje kunne sjå han lenger, tok han tak i kleda sine og reiv dei i to stykke.

13. Så tok han opp kappa til Elia, som hadde falle av han. Han gjekk tilbake og stilte seg ved bredda av Jordan.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 2