Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 19:9-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Kongen fekk no meldinga om at Tirhaka, kongen i Kusj, hadde teke ut for å kjempa mot han. Då sende han igjen bod til Hiskia og sa:

10. «Så skal de seia til Juda-kongen Hiskia: Lat deg ikkje lura av din Gud som du stolar på, når han seier: Jerusalem skal ikkje falla i hendene på assyrarkongen.

11. Du har sjølv høyrt kva assyrarkongane har gjort med alle landa dei har slege med bann og øydelagt. Og du skulle bli berga?

12. Har dei vorte berga av gudane sine, dei folka som fedrane mine gjorde ende på: folka i Gosan, Harran og Resef eller innbyggjarane frå Eden i Telassar?

13. Kvar er no kongane i Hamat og Arpad, kongen i byen Sefarvajim og kongane i Hena og Ivva?»

14. Då Hiskia hadde teke imot og lese brevet som sendemennene hadde med seg, gjekk han opp til Herrens hus og breidde det ut for Herrens andlet.

15. Hiskia bad til Herren og sa: «Herre, Israels Gud, du som tronar over kjerubane. Du åleine er Gud over alle kongerike på jorda, du som skapte himmelen og jorda.

16. Herre, vend øyret til og høyr! Herre, lat opp auga og sjå! Høyr dei orda som Sanherib har sendt for å håna den levande Gud.

17. Herre, det er sant at kongane av Assur har lagt både land og folkeslag øyde

18. og kasta gudane deira på elden. Men dei er ikkje gudar, berre verk av menneskehender, laga av tre og stein. Dei har dei øydelagt.

19. Men du, Herre, vår Gud, frels oss no frå handa hans, så alle kongerike på jorda kan skjøna at du, Herre, berre du er Gud.»

20. Då sende Jesaja, son til Amos, dette bodet til Hiskia: Så seier Herren, Israels Gud: Eg har høyrt den bøna du bad til meg om Sanherib, kongen av Assur.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 19