Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 19:25-37 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

25. Har du ikkje høyrt det?Eg gjorde det for lenge sidan,eg forma det i eldgammal tid,og no lèt eg det skje.Så kunne du øydeleggja festningsbyarog gjera dei til ruinhaugar.

26. Dei som budde der,stod med kraftlause hender,fylte av skrekk og skam.Dei vart som graset på marka,grøne vekstar og graset på tak,som svid av før det veks til.

27. Om du sit, kjem eller går,veit eg det– og om du rasar mot meg.

28. Men fordi du rasar mot megog ditt overmot har nådd øyra mine,set eg ring i nasen dinog legg beksel i munnen.Så fører eg deg tilbakeden vegen du kom.

29. Dette skal du ha til teikn:Første året skal de eta korn som veks av seg sjølv,andre året kornet som veks av det att,men tredje året skal de så og hausta,planta vinmarker og eta frukta!

30. Den rest av Judas hus som blir berga,skyt på nytt djupe røter,greinene ber frukt.

31. For frå Jerusalem kjem ein rest,frå Sion-fjellet ein flokk som er berga. Herren skal gjera dettei sin brennande iver.

32. Difor seier Herren om assyrarkongen:Han skal ikkje koma inn i denne byenog ikkje skyta ei pil dit inn.Han skal ikkje gå imot han med skjoldog ikkje reisa opp ein voll imot han.

33. Den vegen han kom, skal han venda attende;i denne byen skal han ikkje koma inn,seier Herren.

34. Eg vil verna denne byenog berga hanfor mi eiga skuld og for min tenar Davids skuld.

35. Den natta gjekk Herrens engel ut og slo i hel eitt hundre og åttifem tusen mann i assyrarleiren. Då folk stod opp om morgonen, fekk dei sjå alle dei døde kroppane som låg der.

36. Då braut assyrarkongen Sanherib opp og drog heim att. Og sidan heldt han seg i ro i Ninive.

37. Ein gong medan han bøygde seg og bad i tempelet til Nisrok, guden sin, hogg sønene hans, Adrammelek og Sareser, han ned med sverd. Dei flykta til Ararat-landet. Og Asar-Haddon, son til Sanherib, vart konge etter han.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 19