Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 19:11-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Du har sjølv høyrt kva assyrarkongane har gjort med alle landa dei har slege med bann og øydelagt. Og du skulle bli berga?

12. Har dei vorte berga av gudane sine, dei folka som fedrane mine gjorde ende på: folka i Gosan, Harran og Resef eller innbyggjarane frå Eden i Telassar?

13. Kvar er no kongane i Hamat og Arpad, kongen i byen Sefarvajim og kongane i Hena og Ivva?»

14. Då Hiskia hadde teke imot og lese brevet som sendemennene hadde med seg, gjekk han opp til Herrens hus og breidde det ut for Herrens andlet.

15. Hiskia bad til Herren og sa: «Herre, Israels Gud, du som tronar over kjerubane. Du åleine er Gud over alle kongerike på jorda, du som skapte himmelen og jorda.

16. Herre, vend øyret til og høyr! Herre, lat opp auga og sjå! Høyr dei orda som Sanherib har sendt for å håna den levande Gud.

17. Herre, det er sant at kongane av Assur har lagt både land og folkeslag øyde

18. og kasta gudane deira på elden. Men dei er ikkje gudar, berre verk av menneskehender, laga av tre og stein. Dei har dei øydelagt.

19. Men du, Herre, vår Gud, frels oss no frå handa hans, så alle kongerike på jorda kan skjøna at du, Herre, berre du er Gud.»

20. Då sende Jesaja, son til Amos, dette bodet til Hiskia: Så seier Herren, Israels Gud: Eg har høyrt den bøna du bad til meg om Sanherib, kongen av Assur.

21. Dette er det ordet Herren talar mot han:Jomfrua håner deg,dotter Sion spottar deg,dotter Jerusalem rister på hovudet.

22. Kven er det du krenkjer og vanærar?Kven ropar du opp imot?Høgt lyfter du augamot Israels Heilage.

23. Du lét dine sendemenn spotta Herrenog sa: «Med mine mange vognerdrog eg opp til dei høgaste fjella,til Libanons fjernaste trakter.Der hogg eg ned høgvaksne sedertreog dei finaste sypressar.Eg nådde den fjernaste kvilestadder skogen stod tjukkast.

24. Eg grov og drakkav framandt vatn.Med fotsolane tørka eg utalle elvane i Egypt.»

25. Har du ikkje høyrt det?Eg gjorde det for lenge sidan,eg forma det i eldgammal tid,og no lèt eg det skje.Så kunne du øydeleggja festningsbyarog gjera dei til ruinhaugar.

26. Dei som budde der,stod med kraftlause hender,fylte av skrekk og skam.Dei vart som graset på marka,grøne vekstar og graset på tak,som svid av før det veks til.

27. Om du sit, kjem eller går,veit eg det– og om du rasar mot meg.

28. Men fordi du rasar mot megog ditt overmot har nådd øyra mine,set eg ring i nasen dinog legg beksel i munnen.Så fører eg deg tilbakeden vegen du kom.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 19