Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 19:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då kong Hiskia høyrde det, reiv han sund kleda sine, kledde seg i sekkestrie og gjekk inn i Herrens hus.

2. Så sende han borgherren Eljakim, riksskrivaren Sjebna og dei eldste av prestane, kledde i sekkestrie, til profeten Jesaja, son til Amos.

3. Dei sa til han: «Så seier Hiskia: Dette er ein dag med trengsle, straff og vanære; for borna er komne til livmormunnen, men det finst ikkje kraft til å føda.

4. Kanskje Herren din Gud har høyrt alle dei orda kommandanten har sagt, han som er send av herren sin, assyrarkongen, for å håna den levande Gud. Kanskje Herren din Gud vil straffa han for dei orda han har høyrt. Så send då opp ei bøn for den resten som enno er att!»

5. Då mennene til kong Hiskia kom til Jesaja,

6. sa han til dei: «Sei til herren dykkar: Så seier Herren: Ver ikkje redd for dei orda du har høyrt, dei hånsorda som mennene til assyrarkongen har tala mot meg.

7. No skal eg gje han ein tanke. Han skal høyra eit rykte og venda attende til sitt eige land, og der vil eg la han falla for sverd.»

8. Då kommandanten fekk høyra at assyrarkongen hadde brote opp frå Lakisj, drog han bort og fann kongen i kamp mot Libna.

9. Kongen fekk no meldinga om at Tirhaka, kongen i Kusj, hadde teke ut for å kjempa mot han. Då sende han igjen bod til Hiskia og sa:

10. «Så skal de seia til Juda-kongen Hiskia: Lat deg ikkje lura av din Gud som du stolar på, når han seier: Jerusalem skal ikkje falla i hendene på assyrarkongen.

11. Du har sjølv høyrt kva assyrarkongane har gjort med alle landa dei har slege med bann og øydelagt. Og du skulle bli berga?

12. Har dei vorte berga av gudane sine, dei folka som fedrane mine gjorde ende på: folka i Gosan, Harran og Resef eller innbyggjarane frå Eden i Telassar?

13. Kvar er no kongane i Hamat og Arpad, kongen i byen Sefarvajim og kongane i Hena og Ivva?»

Les hele kapitlet 2. Kongebok 19