Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 17:23-37 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Til sist støytte Herren dei frå sitt andlet, slik han hadde varsla gjennom alle tenarane sine, profetane. Israelittane vart førte bort frå landet sitt til Assur, og der har dei vore til denne dag.

24. Assyrarkongen henta folk frå Babel, Kuta, Avva, Hamat og Sefarvajim og lét dei busetja seg i byane i Samaria i staden for israelittane. Dei tok Samaria i eige og slo seg ned i byane der.

25. Den første tida dei budde der, frykta dei ikkje Herren. Difor sende Herren løver inn mellom dei, og løvene drap mange av dei.

26. Då var det nokon som sa til assyrarkongen: «Dei folka du førte bort og lét busetja seg i byane i Samaria, veit ikkje korleis dei skal dyrka guden her i landet. Han har sendt løver inn mellom dei, og løvene drep dei fordi dei ikkje veit korleis guden i landet skal dyrkast.»

27. Då gav assyrarkongen denne ordren: «Send tilbake ein av dei prestane de har ført bort frå landet! Lat han fara av stad og busetja seg der, og så skal han læra folket korleis guden i landet skal dyrkast.»

28. Ein av prestane som var bortført frå Samaria, kom då og busette seg i Betel. Han lærte folket korleis dei skulle frykta Herren.

29. Likevel heldt kvart folk fram med å laga seg sine eigne gudar og sette dei i heilagdomar som folket i Samaria hadde bygd på offerhaugane. Det gjorde kvart folk i byane der dei budde.

30. Folket frå Babel laga eit bilete av Sukkot-Benot, dei frå Kut laga eit bilete av Nergal, og dei frå Hamat laga eit bilete av Asjima.

31. Folket frå Avva laga bilete av Nibhas og Tartak, og dei frå Sefarvajim brende sønene sine i elden for Adrammelek og Anammelek, gudane i Sefarvajim.

32. Dei frykta nok Herren, men gjorde òg nokre av sine eigne til prestar på offerhaugane, og dei ofra for dei i heilagdomane der.

33. Dei frykta Herren, men dyrka sine eigne gudar på same måten som dei folkeslaga dei var bortførte frå.

34. Til denne dag har dei følgt dei gamle skikkane sine. Dei fryktar ikkje Herren og følgjer ikkje dei forskriftene og reglane, den lova og det bodet Herren la på etterkomarane til Jakob, som han gav namnet Israel.

35. Herren gjorde ei pakt med dei og gav dei dette bodet: «De skal ikkje frykta andre gudar, ikkje bøya dykk og tilbe dei og ikkje dyrka dei eller ofra til dei.

36. Men Herren som førte dykk opp frå Egypt med stor styrke og strak arm, han skal de frykta. Han skal de bøya dykk for og tilbe, og til han skal de ofra.

37. Dei forskriftene og reglane, den lova og det bodet han skreiv opp for dykk, skal de alltid leggja vinn på å følgja. Og de må ikkje frykta andre gudar.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 17