Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 17:10-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Dei reiste steinstøtter og Asjera-pålar på kvar høg haug og under kvart frodig tre.

11. På alle desse haugane tende dei offereld slik som dei folkeslaga Herren hadde drive bort for dei. Dei gjorde òg mykje anna vondt som gjorde Herren rasande.

12. Dei dyrka avgudar, endå Herren hadde sagt til dei: «Det skal de ikkje gjera!»

13. Herren åtvara Israel og Juda gjennom alle profetane og sjåarane sine. Han sa: «Vend om frå dykkar vonde ferd! Hald boda og forskriftene mine i samsvar med heile den lova eg la på fedrane dykkar og sende dykk gjennom tenarane mine, profetane.»

14. Men dei ville ikkje høyra. Dei var gjenstridige liksom fedrane deira, som ikkje trudde på Herren sin Gud.

15. Dei vraka forskriftene hans og den pakta han hadde gjort med fedrane deira, og dei åtvaringane han hadde gjeve dei. Dei følgde det tomme og enda i det tomme. Dei gjorde som folkeslaga ikring dei, endå Herren hadde sagt: «De skal ikkje gjera som dei!»

16. Dei gjekk frå alle dei boda som Herren deira Gud hadde gjeve dei. Dei laga seg to støypte kalvar og reiste ein Asjera-påle. Dei bøygde seg og tilbad heile himmelhæren og dyrka Baal.

17. Dei lét sønene og døtrene sine gå gjennom elden, tok varsel og dreiv med spådomskunster. Dei selde seg sjølve til å gjera det som vondt var i Herrens auge, og dermed gjorde dei han rasande.

18. Herren vart brennande harm på israelittane og støytte dei frå sitt andlet. Berre Juda-stammen vart att.

19. Men heller ikkje Juda heldt dei bod som Herren deira Gud hadde gjeve. Dei følgde dei skikkane som israelittane hadde ført inn.

20. Difor vraka Herren heile Israels ætt. Han audmjuka dei, gav dei i hendene på ransmenn og kasta dei til slutt frå sitt andlet.

21. For Israel reiv seg laus frå Davids hus og tok Jeroboam, son til Nebat, til konge. Jeroboam leidde israelittane bort frå Herren, og han fekk dei til å gjera stor synd.

22. Israelittane gjorde dei same syndene som Jeroboam og heldt ikkje opp med dei.

23. Til sist støytte Herren dei frå sitt andlet, slik han hadde varsla gjennom alle tenarane sine, profetane. Israelittane vart førte bort frå landet sitt til Assur, og der har dei vore til denne dag.

24. Assyrarkongen henta folk frå Babel, Kuta, Avva, Hamat og Sefarvajim og lét dei busetja seg i byane i Samaria i staden for israelittane. Dei tok Samaria i eige og slo seg ned i byane der.

25. Den første tida dei budde der, frykta dei ikkje Herren. Difor sende Herren løver inn mellom dei, og løvene drap mange av dei.

26. Då var det nokon som sa til assyrarkongen: «Dei folka du førte bort og lét busetja seg i byane i Samaria, veit ikkje korleis dei skal dyrka guden her i landet. Han har sendt løver inn mellom dei, og løvene drep dei fordi dei ikkje veit korleis guden i landet skal dyrkast.»

27. Då gav assyrarkongen denne ordren: «Send tilbake ein av dei prestane de har ført bort frå landet! Lat han fara av stad og busetja seg der, og så skal han læra folket korleis guden i landet skal dyrkast.»

28. Ein av prestane som var bortført frå Samaria, kom då og busette seg i Betel. Han lærte folket korleis dei skulle frykta Herren.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 17