Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 17:1-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. I det tolvte året Ahas var konge i Juda, vart Hosea, son til Ela, konge i Israel. Han styrte i Samaria i ni år.

2. Hosea gjorde det som vondt var i Herrens auge, men bar seg ikkje så ille åt som Israels-kongane før han.

3. Assyrarkongen Salmanassar drog opp imot han, og Hosea måtte gje seg under han og betala skatt.

4. Men sidan fekk assyrarkongen greie på at Hosea var med på ei samansverjing. Han hadde sendt bod til egyptarkongen So og betalte ikkje lenger den årlege skatten sin til assyrarkongen. Då greip assyrarkongen han og sette han i fengsel.

5. Så rykte han inn i landet og gjekk mot Samaria, som han heldt kringsett i tre år.

6. I det niande styringsåret til Hosea tok assyrarkongen Samaria og førte israelittane bort til Assur. Han lét dei busetja seg i Halah og ved Habor, ei elv i Gosan, og i byane i Media.

7. Slik gjekk det fordi israelittane synda mot Herren sin Gud, han som førte dei opp frå Egypt og fria dei frå makta til egyptarkongen farao. Dei frykta andre gudar

8. og følgde skikkane hos dei folka som Herren hadde drive ut for israelittane, og bar seg åt som kongane deira hadde gjort.

9. I løynd gjorde israelittane det som ikkje var rett for Herren deira Gud. Dei bygde offerhaugar i alle byane sine, både i dei med vakttårn og i festningsbyane.

10. Dei reiste steinstøtter og Asjera-pålar på kvar høg haug og under kvart frodig tre.

11. På alle desse haugane tende dei offereld slik som dei folkeslaga Herren hadde drive bort for dei. Dei gjorde òg mykje anna vondt som gjorde Herren rasande.

12. Dei dyrka avgudar, endå Herren hadde sagt til dei: «Det skal de ikkje gjera!»

13. Herren åtvara Israel og Juda gjennom alle profetane og sjåarane sine. Han sa: «Vend om frå dykkar vonde ferd! Hald boda og forskriftene mine i samsvar med heile den lova eg la på fedrane dykkar og sende dykk gjennom tenarane mine, profetane.»

14. Men dei ville ikkje høyra. Dei var gjenstridige liksom fedrane deira, som ikkje trudde på Herren sin Gud.

15. Dei vraka forskriftene hans og den pakta han hadde gjort med fedrane deira, og dei åtvaringane han hadde gjeve dei. Dei følgde det tomme og enda i det tomme. Dei gjorde som folkeslaga ikring dei, endå Herren hadde sagt: «De skal ikkje gjera som dei!»

16. Dei gjekk frå alle dei boda som Herren deira Gud hadde gjeve dei. Dei laga seg to støypte kalvar og reiste ein Asjera-påle. Dei bøygde seg og tilbad heile himmelhæren og dyrka Baal.

17. Dei lét sønene og døtrene sine gå gjennom elden, tok varsel og dreiv med spådomskunster. Dei selde seg sjølve til å gjera det som vondt var i Herrens auge, og dermed gjorde dei han rasande.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 17