Kong Ahas gav presten Uria dette påbodet: «På det store altaret skal du brenna brennofferet om morgonen og grødeofferet om kvelden, både brennofferet for kongen og grødeofferet hans og brennofferet for heile folket og grødeofferet og drikkofferet deira. Du skal stenka alt blodet av brennofferet og slaktofferet på det store altaret. Men bronsealtaret skal eg bruka når eg tek varsel.»