Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 16:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. I det syttande styringsåret til Pekah, son til Remalja, vart Ahas, son til Jotam, konge i Juda.

2. Han var tjue år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. Ahas gjorde ikkje det som rett var i Herren hans Guds auge slik som David, stamfar hans, hadde gjort,

3. Han følgde i fotefara til Israels-kongane. Han lét jamvel son sin gå gjennom elden. Dette var ein avskyeleg skikk som han fekk frå dei folkeslaga som Herren hadde drive vekk framfor israelittane.

4. Han ofra og tende offereld på haugane og høgdene og under kvart frodig tre.

5. På den tida drog aramearkongen Resin og Israels-kongen Pekah, son til Remalja, i krig mot Jerusalem. Dei kringsette Ahas, men greidde ikkje å gå til åtak.

6. Det var den gongen aramearkongen Resin vann Eilat tilbake til Aram og dreiv judearane ut av byen. Så kom det edomittar og busette seg i Eilat, og dei bur der den dag i dag.

7. Då sende Ahas bod til assyrarkongen Tiglat-Pileser og sa: «Eg er din tenar og din son. Kom og berg meg frå aramearkongen og Israels-kongen som har reist seg mot meg.»

Les hele kapitlet 2. Kongebok 16