Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 15:6-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Det som elles er å seia om Asarja og alt det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.

7. Asarja gjekk til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd hos fedrane sine i Davidsbyen, og Jotam, son hans, vart konge etter han.

8. I det trettiåttande året Asarja var konge i Juda, vart Sakarja, son til Jeroboam, konge i Israel. Han styrte i Samaria i seks månader.

9. Sakarja gjorde det som vondt var i Herrens auge, slik fedrane hans hadde gjort. Han heldt ikkje opp med dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane til å gjera.

10. Sjallum, son til Jabesj, fekk til ei samansverjing mot Sakarja. Han slo han i hel så folket såg på, og vart sjølv konge etter han.

11. Det som elles er å seia om Sakarja, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.

12. Det gjekk i oppfylling, det ordet som Herren hadde tala til Jehu: «I fire ledd skal sønene dine sitja på Israels trone.» Og slik vart det.

13. Sjallum, son til Jabesj, vart konge i det trettiniande året Ussia var konge i Juda. Han styrte i Samaria ein månads tid.

14. Då drog Menahem, son til Gadi, opp frå Tirsa og kom til Samaria. Der slo han i hel Sjallum, son til Jabesj, og vart konge i hans stad.

15. Det som elles er å seia om Sjallum og samansverjinga han fekk i stand, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.

16. Så øydela Menahem Tappuah og alt som var i byen, og områda ikring heilt til Tirsa. Fordi folket ikkje hadde opna porten for han, herja han byen og skar opp alle kvinner som var med barn.

17. Det var i det trettiniande styringsåret til Juda-kongen Asarja at Menahem, son til Gadi, vart konge i Israel. Han styrte i Samaria i ti år.

18. Menahem gjorde det som vondt var i Herrens auge. Så lenge han levde, heldt han ikkje opp med dei syndene som Jeroboam, som til Nebat, hadde fått israelittane til å gjera.

19. Assyrarkongen Pul gjekk til åtak på landet. Då gav Menahem han tusen talentar sølv for at han skulle støtta han og tryggja kongsmakta hans.

20. Sølvet til assyrarkongen kravde Menahem inn frå alle velståande israelittar, femti sjekel frå kvar. Då trekte assyrarkongen seg tilbake; han vart ikkje ståande i landet.

21. Det som elles er å seia om Menahem og alt han gjorde, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.

22. Menahem gjekk til kvile hos fedrane sine, og Pekahja, son hans, vart konge etter han.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 15