4. Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Folket heldt fram med å ofra og brenna offereld på haugane.
5. Men Herren rørte ved kongen slik at han leid av ein hudsjukdom heilt til sin dødsdag. Han budde i eit hus for seg sjølv, og Jotam, son til kongen, styrte slottet og folket i landet.
6. Det som elles er å seia om Asarja og alt det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.
7. Asarja gjekk til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd hos fedrane sine i Davidsbyen, og Jotam, son hans, vart konge etter han.
8. I det trettiåttande året Asarja var konge i Juda, vart Sakarja, son til Jeroboam, konge i Israel. Han styrte i Samaria i seks månader.
9. Sakarja gjorde det som vondt var i Herrens auge, slik fedrane hans hadde gjort. Han heldt ikkje opp med dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane til å gjera.
10. Sjallum, son til Jabesj, fekk til ei samansverjing mot Sakarja. Han slo han i hel så folket såg på, og vart sjølv konge etter han.
11. Det som elles er å seia om Sakarja, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
12. Det gjekk i oppfylling, det ordet som Herren hadde tala til Jehu: «I fire ledd skal sønene dine sitja på Israels trone.» Og slik vart det.
13. Sjallum, son til Jabesj, vart konge i det trettiniande året Ussia var konge i Juda. Han styrte i Samaria ein månads tid.
14. Då drog Menahem, son til Gadi, opp frå Tirsa og kom til Samaria. Der slo han i hel Sjallum, son til Jabesj, og vart konge i hans stad.
15. Det som elles er å seia om Sjallum og samansverjinga han fekk i stand, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
16. Så øydela Menahem Tappuah og alt som var i byen, og områda ikring heilt til Tirsa. Fordi folket ikkje hadde opna porten for han, herja han byen og skar opp alle kvinner som var med barn.
17. Det var i det trettiniande styringsåret til Juda-kongen Asarja at Menahem, son til Gadi, vart konge i Israel. Han styrte i Samaria i ti år.