Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 15:14-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Då drog Menahem, son til Gadi, opp frå Tirsa og kom til Samaria. Der slo han i hel Sjallum, son til Jabesj, og vart konge i hans stad.

15. Det som elles er å seia om Sjallum og samansverjinga han fekk i stand, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.

16. Så øydela Menahem Tappuah og alt som var i byen, og områda ikring heilt til Tirsa. Fordi folket ikkje hadde opna porten for han, herja han byen og skar opp alle kvinner som var med barn.

17. Det var i det trettiniande styringsåret til Juda-kongen Asarja at Menahem, son til Gadi, vart konge i Israel. Han styrte i Samaria i ti år.

18. Menahem gjorde det som vondt var i Herrens auge. Så lenge han levde, heldt han ikkje opp med dei syndene som Jeroboam, som til Nebat, hadde fått israelittane til å gjera.

19. Assyrarkongen Pul gjekk til åtak på landet. Då gav Menahem han tusen talentar sølv for at han skulle støtta han og tryggja kongsmakta hans.

20. Sølvet til assyrarkongen kravde Menahem inn frå alle velståande israelittar, femti sjekel frå kvar. Då trekte assyrarkongen seg tilbake; han vart ikkje ståande i landet.

21. Det som elles er å seia om Menahem og alt han gjorde, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.

22. Menahem gjekk til kvile hos fedrane sine, og Pekahja, son hans, vart konge etter han.

23. I det femtiande året Asarja var konge i Juda, vart Pekahja, son til Menahem, konge i Israel. Han styrte i Samaria i to år.

24. Pekahja gjorde det som vondt var i Herrens auge, og heldt ikkje opp med dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane til å gjera.

25. Våpenberaren hans, Pekah, son til Remalja, fekk i stand ei samansverjing mot Pekahja. Han hogg ned både han og Argob og Arje i Samaria, inne i borga i slottet til kongen. Pekah hadde med seg femti mann frå Gilead. Då han hadde drepe Pekahja, vart han konge i hans stad.

26. Det som elles er å seia om Pekahja og alt han gjorde, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.

27. Det var i det femtiandre styringsåret til Juda-kongen Asarja at Pekah, son til Remalja, vart konge i Israel. Han styrte i Samaria i tjue år.

28. Pekah gjorde det som vondt var i Herrens auge, og heldt ikkje opp med dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane til å gjera.

29. På den tid Pekah var konge i Israel, kom Tiglat-Pileser, kongen av Assur, og tok Ijjon, Abel-Bet-Maaka, Janoah, Kedesj, Hasor, Gilead og Galilea, heile Naftali-landet. Og han førte folket bort til Assur.

30. Då fekk Hosea, son til Ela, i stand ei samansverjing mot Pekah, son til Remalja. Hosea slo han i hel og vart konge i hans stad. Dette var i det tjuande året etter at Jotam, son til Ussia, vart konge.

31. Det som elles er å seia om Pekah og alt han gjorde, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.

32. I det andre året Pekah, son til Remalja, var konge i Israel, vart Jotam, son til Ussia, konge i Juda.

33. Han var tjuefem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. Mor hans heitte Jerusja og var dotter til Sadok.

34. Jotam gjorde det som rett var i Herrens auge, i eitt og alt som Ussia, far hans, hadde gjort.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 15