Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 15:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. I det tjuesjuande året Jeroboam var konge i Israel, vart Asarja, son til Amasja, konge i Juda.

2. Han var seksten år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i femtito år. Mor hans heitte Jekolja og var frå Jerusalem.

3. Asarja gjorde det som rett var i Herrens auge, heilt og fullt som Amasja, far hans, hadde gjort.

4. Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Folket heldt fram med å ofra og brenna offereld på haugane.

5. Men Herren rørte ved kongen slik at han leid av ein hudsjukdom heilt til sin dødsdag. Han budde i eit hus for seg sjølv, og Jotam, son til kongen, styrte slottet og folket i landet.

6. Det som elles er å seia om Asarja og alt det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.

7. Asarja gjekk til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd hos fedrane sine i Davidsbyen, og Jotam, son hans, vart konge etter han.

8. I det trettiåttande året Asarja var konge i Juda, vart Sakarja, son til Jeroboam, konge i Israel. Han styrte i Samaria i seks månader.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 15