Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 14:22-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. Det var han som vann byen Eilat tilbake til Juda og bygde byen om til ei borg, etter at kongen hadde gått til kvile hos fedrane sine.

23. I det femtande året Amasja, son til Joasj, var konge i Juda, vart Jeroboam, son til Joasj, konge i Israel. Han styrte i Samaria i førtiein år.

24. Jeroboam gjorde det som vondt var i Herrens auge, og heldt ikkje opp med dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane med på.

25. Han vann tilbake landområde som hadde høyrt Israel til, frå Lebo-Hamat til Araba-sjøen. Det gjekk som Herren, Israels Gud, hadde sagt gjennom tenaren sin, Jona, son til Amittai, profeten frå Gat-Hefer.

26. For Herren hadde sett kor ille det stod til med israelittane. Det var ute med alle som ein, og dei hadde ingen til å hjelpa seg.

27. Men Herren hadde ikkje sagt at han ville utsletta Israels namn under himmelen. Difor berga han dei gjennom Jeroboam, son til Joasj.

28. Det som elles er å fortelja om Jeroboam og alt det han gjorde, om storverka hans i krigen då han vann att Damaskus og Hamat for Israel, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.

29. Jeroboam gjekk til kvile hos fedrane sine, Israels-kongane, og Sakarja, son hans, vart konge etter han.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 14