Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 14:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. I det andre året Joasj, son til Joahas, var konge i Israel, vart Amasja, son til Joasj, konge i Juda.

2. Han var tjuefem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjueni år. Mor hans heitte Joaddan og var frå Jerusalem.

3. Amasja gjorde det som rett var i Herrens auge, men ikkje heilt som David, stamfar hans. Han gjorde alt slik som Joasj, far hans, hadde gjort.

4. Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Folket heldt fram med å ofra og tenna eld på haugane.

5. Så snart Amasja hadde kongedømet trygt i si hand, slo han i hel dei tenarane som hadde drepe far hans, kongen.

6. Men borna åt drapsmennene slo han ikkje i hel. Han heldt seg til det som står skrive i lovboka til Moses, der Herren byd: Fedrar skal ikkje døy for borna, og born skal ikkje døy for fedrane. Kvar og ein skal døy for si eiga synd.

7. Amasja slo edomittane i Saltdalen, ti tusen mann. I den krigen tok han Sela. Han gav byen namnet Jokteel, som han heiter den dag i dag.

8. På den tid sende Amasja bod til Israels-kongen Joasj, son til Joahas, son til Jehu. «Kom, lat oss kjempa andlet til andlet!» sa han.

9. Men Joasj, kongen i Israel, sende dette bodet tilbake til Juda-kongen Amasja: «Tistelen i Libanon sende ein gong bod til sedertreet i Libanon og sa: Lat son min få dotter di til kone! Men eit av villdyra i Libanon kom forbi og trampa tistelen ned.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 14