Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 13:9-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Joahas gjekk til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd i Samaria, og Joasj, son hans, vart konge etter han.

10. I det trettisjuande året Joasj var konge i Juda, vart Joasj, son til Joahas, konge i Israel. Han styrte i Samaria i seksten år.

11. Joasj gjorde det som vondt var i Herrens auge. Han gav ikkje opp alle dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane til å gjera. Dei heldt han fram med.

12. Det som elles er å seia om Joasj, om alt han gjorde, og om storverka hans i krigen med Amasja, kongen i Juda, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.

13. Då Joasj gjekk til kvile hos fedrane sine, sette Jeroboam seg på trona hans. Joasj vart gravlagd i Samaria mellom Israels-kongane.

14. Då Elisja vart ramma av den sjukdomen han skulle døy av, kom Joasj, Israels konge, til han. Gråtande bøygde han seg ned over han og sa: «Min far, min far! Israels vogner og hestar!»

15. Elisja sa til han: «Hent ein boge og nokre piler!» Og han henta ein boge og nokre piler.

16. Elisja sa til kongen: «Legg handa di på bogen!» Han så gjorde, og Elisja la hendene sine over hendene til kongen.

17. Så sa han: «Lukk vindauget opp mot aust!» Han opna det, og Elisja sa: «Skyt!» Og kongen skaut. Då sa profeten: «Ei sigerspil frå Herren, ei sigerspil mot Aram! Du skal slå aramearane i Afek og gjera ende på dei.»

18. Så sa han: «Ta pilene!» Kongen tok dei, og profeten sa til han: «Slå på jorda!» Han slo tre gonger, men så heldt han opp.

19. Då vart gudsmannen sint på han og sa: «Du skulle ha slege fem eller seks gonger! Då hadde du slege aramearane og gjort ende på dei. No kjem du berre til å slå dei tre gonger.»

20. Så døydde Elisja og vart gravlagd.På den tid kom det kvart år flokkar av moabittar for å plyndra i landet.

21. Ein gong fekk nokre som skulle gravleggja ein mann, sjå at det kom ein slik røvarflokk. Då kasta dei mannen ned i grava til Elisja. Med det same mannen kom nær beina til Elisja, vart han levande att og reiste seg opp.

22. Aramearkongen Hasael gjorde israelittane vondt så lenge Joahas levde.

23. Men Herren var nådig og mild mot dei. Han vende seg til dei på grunn av pakta si med Abraham, Isak og Jakob. Han ville ikkje øyda dei ut og har til no ikkje støytt dei bort frå andletet sitt.

24. Då aramearkongen Hasael døydde, vart Ben-Hadad, son hans, konge etter han.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 13