Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 13:1-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. I det tjuetredje året Joasj, son til Ahasja, var konge i Juda, vart Joahas, son til Jehu, konge i Israel. Han styrte i Samaria i sytten år.

2. Joahas gjorde det som vondt var i Herrens auge, og heldt fram med dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane til å gjera. Han heldt ikkje opp med dei.

3. Då vart Herren brennande harm på Israel. Gong på gong gav han dei over i hendene på aramearkongen Hasael og son hans, Ben-Hadad.

4. Men Joahas bad om velvilje for Herrens andlet, og Herren høyrde bøna hans; for han såg korleis aramearkongen undertrykte israelittane.

5. Herren gav dei ein bergingsmann, så dei slapp fri frå aramearveldet. No kunne israelittane bu i fred som før.

6. Likevel gav dei ikkje opp dei syndene som Jeroboams hus hadde fått israelittane til å gjera. Dei heldt dei fram med. Til og med Asjera-pålen vart ståande i Samaria.

7. Joahas hadde ikkje meir att enn femti ryttarar, ti vogner og ti tusen fotfolk. Resten hadde aramearkongen øydelagt og trakka ned som støv.

8. Det som elles er å seia om Joahas, om alt han gjorde, og om storverka hans, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.

9. Joahas gjekk til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd i Samaria, og Joasj, son hans, vart konge etter han.

10. I det trettisjuande året Joasj var konge i Juda, vart Joasj, son til Joahas, konge i Israel. Han styrte i Samaria i seksten år.

11. Joasj gjorde det som vondt var i Herrens auge. Han gav ikkje opp alle dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane til å gjera. Dei heldt han fram med.

12. Det som elles er å seia om Joasj, om alt han gjorde, og om storverka hans i krigen med Amasja, kongen i Juda, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.

13. Då Joasj gjekk til kvile hos fedrane sine, sette Jeroboam seg på trona hans. Joasj vart gravlagd i Samaria mellom Israels-kongane.

14. Då Elisja vart ramma av den sjukdomen han skulle døy av, kom Joasj, Israels konge, til han. Gråtande bøygde han seg ned over han og sa: «Min far, min far! Israels vogner og hestar!»

Les hele kapitlet 2. Kongebok 13