Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 12:4-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Joasj sa til prestane: «Alle dei heilage gåvene som kjem inn til Herrens hus i form av gangbar mynt – det som kvar einskild skal betala i skatt eller vil gje etter eige ønske – alt skal førast til Herrens hus,

5. og prestane skal ta imot, kvar frå sine underordna. Så skal dei setja tempelet i stand, alle stader der det er skadd.»

6. Men i det tjuetredje året Joasj var konge, hadde prestane enno ikkje sett tempelet i stand der det var skadd.

7. Då kalla kong Joasj presten Jojada og dei andre prestane til seg og sa: «Kvifor bøter de ikkje brestene i Herrens hus? No skal de ikkje lenger ta imot pengar frå dykkar underordna, men gje dei frå dykk så tempelet kan setjast i stand.»

8. Prestane gjekk med på at dei ikkje skulle ta imot pengar av folket. Men så skulle dei heller ikkje setja i stand tempelet.

9. Presten Jojada tok ei kiste, bora hòl i loket og sette henne på høgre sida av altaret. Når folk kom til tempelet, la prestane som heldt vakt ved inngangen, alle pengane som kom inn til Herrens hus, i kista.

10. Når dei såg at det var mange pengar i kista, kom skrivaren til kongen og overpresten. Dei samla og talde opp pengane som fanst i Herrens hus.

11. Så vog dei opp pengane og gav dei til arbeidsleiarane som hadde tilsyn med Herrens hus. Og dei gav dei til tømmermennene og bygningsmennene som arbeidde på tempelet,

12. til murarane og steinhoggarane. Dei brukte dei òg til å kjøpa tre og hoggen stein så dei kunne setja Herrens hus i stand att. Slik dekte dei alle utgiftene med å halda tempelet i stand.

13. Men dei pengane som kom inn til tempelet, vart ikkje brukte til å laga sølvbollar, lysesakser, offerskåler eller trompetar eller noko anna utstyr av gull eller sølv.

14. Pengane vart gjevne til arbeidsleiarane, som sytte for å setja Herrens hus i stand.

15. Ingen heldt rekneskap med dei som tok imot pengane og gav dei til handverkarane, for dei fór ærleg fram.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 12