Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 12:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Det var i det sjuande styringsåret til Jehu at Joasj vart konge, og han styrte i Jerusalem i førti år. Mor hans heitte Sibja og var frå Beer-Sjeba.

2. Så lenge han levde, gjorde Joasj det som rett var i Herrens auge, slik presten Jojada hadde lært han.

3. Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Folket heldt fram å ofra og tenna offereld på haugane.

4. Joasj sa til prestane: «Alle dei heilage gåvene som kjem inn til Herrens hus i form av gangbar mynt – det som kvar einskild skal betala i skatt eller vil gje etter eige ønske – alt skal førast til Herrens hus,

5. og prestane skal ta imot, kvar frå sine underordna. Så skal dei setja tempelet i stand, alle stader der det er skadd.»

6. Men i det tjuetredje året Joasj var konge, hadde prestane enno ikkje sett tempelet i stand der det var skadd.

7. Då kalla kong Joasj presten Jojada og dei andre prestane til seg og sa: «Kvifor bøter de ikkje brestene i Herrens hus? No skal de ikkje lenger ta imot pengar frå dykkar underordna, men gje dei frå dykk så tempelet kan setjast i stand.»

Les hele kapitlet 2. Kongebok 12