Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 11:13-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Då Atalja høyrde ropa frå vaktmennene og folkemengda, gjekk ho opp til folket i Herrens hus.

14. Der fekk ho sjå kongen stå ved søyla, som skikken var, og stormennene og hornblåsarane attmed han, medan heile folket jubla og bles i trompetar. Då reiv Atalja sund kleda sine og ropa: «Svik, svik!»

15. Men presten Jojada gav hundremannsførarane, dei som stod i spissen for hæren, denne ordren: «Før henne ut mellom rekkjene! Følgjer nokon etter henne, så drep han med sverd.» For presten hadde sagt: «Ho må ikkje drepast i Herrens hus!»

16. Så greip dei Atalja. Og då ho var komen gjennom Hesteporten og inn i kongeborga, vart ho drepen der.

17. Sidan gjorde Jojada ei pakt mellom Herren og kongen og folket: Dei skulle vera Herrens folk. Mellom kongen og folket gjorde han òg ei pakt.

18. Så gjekk heile folkemengda til Baal-tempelet og reiv det ned. Altara og gudebileta knuste dei, og Baal-presten Mattan drap dei framfor altaret.Presten Jojada sette ut vaktpostar ved Herrens hus.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 11